Nytt opplag for "I de dager..."

Dei nye juleforteljingane til Jon Fosse, Ruth Lillegraven, Gro Dahle og Levi Henriksen sel godt. No er "I de dager..." trykt i nytt opplag.

Nytt opplag for "I de dager..."

Adventstida nærmar seg. Fjorårets adventskalender på kyrkja.no, "I de dager...", er samla i bokform og utgjeven på Verbum forlag. Førsteopplaget av boka er snart utseld og no melder forlaget om nytt opplag.

- Dei eg har snakka med har vore veldig positive og nyfikne på boka. Dei likar ideen om ein litterær adventskalender for vaksne - og er overraska over at så mange kjente forfattarar har bidratt, seier forlagssjef i Verbum, Anne Veiteberg til kyrkja.no.

- Vi får også tilbakemelding om at det er ei veldig vakker bok. Den gjer seg godt i bokhandelen og eignar seg som gåvebok. Førsteopplaget på 2000 er snart seld ut, og boka blir no trykt i nytt opplag, seier ho.

Stor variasjon

Blant forfattarane finn vi kjente storleikar som Jon Fosse, Ragnar Hovland og Britt Karin Larsen, men også meir ukjende og yngre forfattarar som Eivind Hofstad Evjemo, Tina Åmodt og Maria Navarro Skaranger.

- Det var viktig at det skulle vere stor variasjon blant bidragsytarane. Vi ynskte oss forfattarar som skreiv på ulik måte og som kunne skrive tekstar i ulik form og innhald, seier redaktør for boka, Brynjulf Jung Tjønn.

- Det som er felles for alle dei 24 forfattarane er at dei skriv litteratur av høg kvalitet. Dei er alle prisløna og kritikarroste. Forfattarar som Mona Høvring, Simon Stranger, Kristine Næss, Nils-Øivind Haagensen og Jørgen Norheim har alle til dømes vore nominerte til Nordisk råds litteraturpris, seier Jung Tjønn.

For alle som er glad i god skjønnlitteratur

- Kven passar "I de dager..." for?

- For alle som er glad i god skjønnlitteratur! seier Anne Veiteberg. 

- I denne boka kan du lesa stykke av dei mest kjente forfattarane våre, men også av nye, spennande og yngre forfattarar. Det er ei bok som gir nye perspektiv på juleevangeliet. Her finn ein både humoristiske tekstar og tekstar som utfordrar og berører. Kanskje ein god julegåveidé for fellesråd og bispedøme?

- Kva synest du sjølv om "I de dager..." som bok?

- Eg likar at skjønnlitterære forfattarar lar seg inspirera av bibeltekstar. Juleevangeliet er ein så kjent og mykje brukt tekst at vi nærmast treng nye tilnærmingar for å oppdaga kva teksten djupast sett handlar om. "I de dager" er spennande i så måte - med sine mange stemmer og ulike blikk på forteljinga. Somme forfattarar skriv om Maria, andre om Josef, om englane eller om ein familie på flukt. Somme forfattarar skriv om eigne juleminne. Det er ei mangfoldig og rik bok! seier Veiteberg.

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"